Turen hit &
gjestebrygger
Dersom du vil ha meir nærkontakt
med havflata, og vind i håret,
kan våre samarbeidspartnarar arrangere
turar med RIB før eller etter måltidet.
Lat opplevinga starte med transporten. Holmeturen går med ”Skreddaren” eller ”Lophelia” – varme og trygge båtar som går frå gjestebrygga i Fosnavåg sentrum. Turen tek om lag ti minutt. Lett å gå om bord og på land. Vi kan ordne med transport i samband med selskap og lukka lag.
Vi har også utvida kapasiteten for dei som vil besøke Skotholmen med eigen båt. (Scroll nedover for meir informasjon.)
ÅLESUND lufthavn, (AES), VIGRA – FOSNAVÅG:
Distanse: 87.3 km, Reisetid med bil: 2 timer.
Reisetid med Rib: 40 minutt.
Ørsta-Volda lufthavn, (HOV), hovden – FOSNAVÅG:
Distanse: 45.8 km, Reisetid med bil: 40 minutt.
TRANSPORT & GJESTEBRYGGER
Skreddaren (63 personer)
Rib (12 personer)
Lophelia (12 personer)
Gjestebrygger
GJESTEBRYGGER PÅ SKOTHOLMEN
Vi har også utvida kapasiteten for dei som vil besøke restauranten Kami Skotholmen med eigen båt.
Nye flytebrygger med totalt omlag 100 meter, kom på plass sommaren 2018.
Flytebryggene har lys og straum-uttak.
No kan vi også ønske velkomen til forbipasserande båtreisande som vil ha seg eit godt måltid
og elles nyte det Skotholmen har å by på.
I tillegg kan vi ta imot større båtar ved djupvasskai som har omlag 6 meter djupn.