
PROGRAM
Dersom du i tillegg til matopplevinga ønskjer faglege foredrag, for eksempel om motivasjon til inspirasjon for tilsette eller kundar, så har vi avtalar med foredragshaldarar. Tid og omfang vert tilpassa kunden sitt ønske.
Vi kan også tilby historiske foredrag om Skotholmen.
Vi har i tillegg avtalar med firma som kan levere pynting av lokale, fotografering, underhaldning og anna du ønskjer for å gjere feiringa di akkurat slik du ønskjer.
Ein ti minutts båttur frå Fosnavåg tek deg til di eiga øy, ditt eige kurs, din eigen konferanse. Vi hjelper deg med å sy saman programmet.
UT PÅ HAVET
Vil du ut og oppleve havet, ordnar vi fartsfylt tur med rib til for eksempel Norges sørlegaste fuglefjell, Rundebranden, eller du kan ta lengre turar til Hjørundfjorden, Ålesund eller Stad. Med den stilige plattgattaren Skreddaren går det i snekkefart til fuglefjellet på Runde.
Du også kan også vere med ut og hente maten din opp frå havet. Skotholmen tilbyr fisketur med lokalkjend skipper som veit kvar dei gode fiskeplassane er. Etter turen kan du få lage til den sjølvfiska maten i lag med kokkane om du ønskjer det.
Skotholmen arrangerer sjømat- og skaldyrkurs saman med vinsmaking med innleigde vinekspertar.
Spørsmål om opplevingspakkar, selskap, kurs og konferanse?
Ring: 480 38 388