Skotholmen før og no

 

Gjennom århundrar har det handla om fisk
og fiskarar på Skotholmen. Fiskeforretning og krambu, båtlag og utror.

Frå midten av 1600-talet var holmen husmannsplass. I 1770 er holmen nemnd som handelsstad. Utover på 1800-talet vart handelen driven av Christoffer M. Rønneberg og i 1847 bygde han  sjøbuda der restauranten Kami Skotholmen no held til.

Skotholmen fikk handelsprivilegium i 1595 då Anders Monsen Scott byksla garden Sævik som den gang låg under norges rikaste mann, godseigar Eirik Rosenkrantz. Frå midten av 1600-talet var holmen husmannsplass.

Løytnant Jens Schelderup hadde hand om Skotholmen utpå 1700-talet.  I 1770 er holmen nemnd som handelsstad og drengen Lars som var der «i Vaarfiskeriets Tid har opkjøbt endel Fiske-Vahrer». 

Christoffer M. Rønneberg tok over Skotholmen i 1832, etter Ole Fjelde frå Tjørvåg som dreiv handel her på vinter og våren når det var torskefiske. Christoffer M. Rønneberg dreiv Skotholmen til 1863, og han bygde fleire hus på holmen. I 1847 bygde han den sjøbua som KAMI Skotholmen no held til i. Han var også Herøy sin fyrste ordførar, og var etterkomar av Christoffer Tjærandsen Rønneberg som slo seg stort opp som handelsborgar på Sunnmøre, og var på den tida den rikaste mannen på Sunnmøre. 

Etter at Rønneberg-tida på Skotholmen tok Albert Larsen Bakke over drifta, og etter kvart også Olaf Evanger frå 1921. Evanger bygde nytt sjøpakkhus, handelshus, røykeri og nytt kaianlegg.  Fru Evanger etablerte ein flott hage på Skotholmen, og var kjent for sine juleselskap der ho inviterte ut familiar frå Sævikane.

I 1937 kjøpte brørne Adolf, Gerhard og Joakim Remøy Skotholmen. Dei salta sild på holmen, og la ut vassleidning, og etter kvart vart det også lagt ut straum i luftspenn frå Sævikane.  Under krigen var Skotholmen kjend som transitthamn for våpenleveransar frå England. Gerhard Remøy sto sentralt i dette arbeidet, og borna. Alfred Remøy var om bord i ubåtjagaren Vigra som hadde fleire leveransar av våpen til Skotholmen i siste delen av krigen.

I 2009 kjøpte ei lita gruppe idealistar Skotholmen av Erling og Alte Remøy som eigde holmen frå 1996. Selskapet Skotholmen AS vart etablert i 2009 og Erling Remøy vart med vidare på eigarsida saman med dei nye eigarane Nils Roger Paulsen, Ole Jonny Hjelmeset, Anne Ma Solheim og Arthur Almestad. Visjonen til Skotholmen AS har vore fast sidan oppstarten: Skotholmen skal bli ein attraksjon knytt til kortreist sjømat, storslagen natur og ei rik handelsstadshistorie. Skotholmen skal være verdt en reise.
  
Etter nokre år med mykje dugnadsinnsats og tæring på aksjekapitalen kom det inn fleire nye eigarar i 2014 som hadde tru på visjonen om å skape ein unik stad for matopplevingar på Skotholmen. Den 1. juli 2016 opna vi dørene for dei fyrste gjestane.  Eigarselskapet Skotholmen AS har avtale med KAMI Skotholmen AS som har ansvaret for den daglege drifta med opne restaurantkveldar og ulike lukke arrangement/selskap. Magnus Bergseth er kjøkkensjef i KAMI Skotholmen, og han har med seg mange nye kokke- og serveringstalent med på laget. 

Eigarane i Skotholmen AS jobbar kontinuerleg med å utvikle holmen vidare som eit unikt opplevingsprodukt, og litt fram i tid håper vi også å kunne opne for overnatting på holmen.