ONSDAG 16. MAI
Kami Skotholmen held opent for middagsservering dagen før grunnlovsdagen.
Vi har tilpassa båtavgangane slik at ein rekk å kome seg heim og stryke kvitskjortene før kvelden er omme. Vi serverer 2- og 3-rettar med smak av vår. (450,- / 585,-)
Avreise 18.30
Retur 22.00

TORSDAG 17. MAI

Kami Skotholmen har opent for fyrste gang på Noregs grunnlovsdag.
Værgudane seier det vert fint ver, og ingenting er vel betre enn å kome til dekka bord etter ein hektisk dag.
Vi roar ned stemninga og serverer Krabbesuppe og kaldbuffèt til 450,- pr pers. Kanskje gjer det seg med nokre bobler i glaset?Det vert pølser i brød til barna der dei kan spise så mykje dei orkar for 80,- pr pers. Borna kan og velge buffét om ønskeleg. Pris kr. 225,-Dette er ein perfekt pust i bakken, og ei lita pause frå tog, heiarop og trompeter! Ta «Skreddaren» frå sentrum ut på Skotholmen, og spis deg god og mett i flotte vårfylte omgivelsar.

Båtavgangar frå sentrum:
14.30
15.30
16.30

Retur:
16.00
17.30

Pris kr 170,- tur retur.
Born tom. 12 år: gratis.

FREDAG 18. MAI
Open restaurant. Vi serverer 3- og 5-rettar (585,-/720,-)
Båtavgang 19.30 til 24.00

LAURDAG 26. MAI
Open restaurant. Vi serverer 3- og 5-rettar (585,-/720,-)
Båtavgang 19.30 til 24.00

Ring 480 38 388 for bestilling av bord,
eller send en mail til booking@skotholmen.no