EVANGER

Fem, fine freistingar får namn etter Gustav Evanger som dreiv stort innan fiskeindustri i Herøy og på Island tidleg på 1900-talet. Han var ein storkar som sette spor i Herøy-samfunnet og i det lokale språket. Enno kan du høyre folk seie at dei «levde Gustav Evanger» når dei skal fortelje at dei hadde det flott og godt.

VOLDNES

Tre rettar er kalt opp etter Gerhard Voldnes som bygde opp eit fiskeindustriimperium i Norge første halvdel av 1900-talet. Gerh. Voldnes AS var hadde på det meste over 1000 tilsette og var det største private fiskerikonsernet i Norge. Voldnes var ein pioner både innan sild og supply.

RØNNEBERG
Christopher Tjærandsen Rønneberg gir namn til menyen for middag og dessert. Han var ein av dei leiande handelsmennene på Sunnmøre på slutten av 1700-talet. Han eigde kyrkjer, båtar og fleire handelsstader – mellom anna Skotholmen. Han var også opphavet til Rønnebergslekta med mange kjende personar, alt frå Carl Rønneberg, ein av Ålesunds viktigaste grunnleggarar til Joachim Rønneberg som var med på tungvassaksjonen under andre verdskrig.