Petanque

– French pronunciation: ​[petɑ̃k]

 

Ei eiga petanque-bane bygd etter internasjonale mål midt ute i havgapet!  Lag di eiga turnering, eller meld deg på Skotholmen si årlege petanque-turnering “Skotholmen Open” utpå seinsommaren.

 

Anbefaler lett oppvarming før du skjerpar konkurranseinstinktet, ved å nytte deg av Skotholmen sin populære ”topp-tur”. Ein kjapp gange opp på  Champagne-toppen, øya sitt høgste punkt som måler 9,6 meter moh. Her feirar du utsikten med sprudlande drikke før du ruslar ned igjen til lavlandet, og eit slag PETANQUE. 

Vi stiller kuler, regler og skjema, – så det einaste du treng å tenke på er å kaste kula nærast “grisen”! 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Matkurs og Stuert-kurs

 

Enten du er nybegynner eller litt meir dreven ved grytene, så har vi tilpassa kurs for deg.
Lær deg triksa med å lage gode sauser og andre lekkerbiskenar! 

 

Ta med vennegjengen, kjæresten, eller kollegaene dine og nyt eit uformelt og hyggeleg møte med sauser, krydder og krafter.
Dette er også ei kjekk gave å gi til ein som likar å kokkelere!

I tillegg arrangerer vi matkurs skreddarsydd for stuertar.

Følg med på aktuelle aktivitetar som vi annonserer her på nettsida, eller følg oss på Facebook.

 

Vinsmaking 

Vinsmaking på Skotholmen er upretensiøst og morsomt. Her treng du ikkje å vere verdsmeister for å vere med. 

 

Gode venner samla rundt eit bord med ulike viner frå same område eller av same druetype. Livlege diskusjonar rundt smak og lukt. Lattermildt og glade lyder. Det er berre to ting du treng å vite; om du  synes vinen er god eller ikkje. Vi allierer oss med vinkjennarar som loser oss gjennom smaksbildet.

Følg med på aktuelle aktivitetar som vi annonserer her på nettsida, eller følg oss på Facebook.

 

Møte & kurs lokale

Feiringar / selskap